2008, første halvdel

2008 har vore eit ekstremt langt, slitsomt, vakkert, uforgløymeleg år. eg skal prøva å oppsummera.

januar:

mg3688
i januar var eg i danmark i bryllaup.

mg3754
vel heime i noreg spelte me inn film på rommet mitt. eg er den litt oppgitte lydansvarlige i senga.

februar:

i februar trengte eg og han der fine å komma oss langt vekk. så me tok vinterferien til hjelp, og reiste først til london,
2912227
så vidare til wales for å besøka ho fine.
2912219
2912224
2912225
me kjøpte samla verk av william shakespeare i ein bitteliten bruktputikk. han der fine såg poetisk ut når han las ved havet.
2912223

på veg heim skjedde dette, som har prega store delar av 2008 etterpå. eg var i bussen, og er framleis redd.

i februar fant dei ho 17 meter under vassoverflata, og endeleg kunne ein få ei grav å gå til.

mars:

i mars var det påskeferie, og me reiste på hytta.
2912228
2912229
og familien var samla, og bestefar var så veldig levande.
2912231
2912230
og orion, som nok er av det vakraste i verda.

april

i april var eg på familietur til paris. det var mitt første paris, og ikkje så altfor spennande den gongen. men fint. veldig fint.
inalittlewhilebypelaria

etter det vart eg 18 år og feira med grilling og liter på liter med vin. det var magisk. eg hugsar òg april som månaden eg oppdaga granateple-cider(og helst skulle ønske denne fantes både utan alkohol og utan sukker).
n56846086611605681356
me spiste middag i hagen og alt var veldig idyllisk.

mai

2912232
2912233
2912234
me laga pannekaker i steikepanna på grillen til frukost, og dansa i hagen. mykje. eg hugsar òg mai månad som den månaden med mest øl.

2912236
2912238
me var på balejazz, eg hadde pressepass og flasha det skamlaust.

2912239
bestemor og bestefar 17.mai.

nokre dagar etter dette blogga eg på hjartesmil for fyrste gong.

juni

juni var månaden for fabelaktige festar.
2912243
2912248
2912249

juni var månaden me reiste til trondheim, til landsmønstringa i ukm med berrføtt.

2912254
han der fine, eg og pia.

Posted in om mariell. | 7 Comments

skattejakt-info

skattejakt oslo blir den tjuefjerde oktober i oslo, altså laurdag. om du vil vera med eller vil ha meir informasjon må du senda meg ein mail på skattejakt.oslo@gmail.com. håpar mange vil vera med!

suss.

Posted in om blogg & sånt som de lurer på. | 9 Comments

the last one. part two: gray.

Skjermbilde 2011-10-12 kl. 17.09.36

le cat is out of le bag: eg bloggar no på grayzine.no, saman med fem andre flotte personar. nokon kjenner de frå før, andre ikkje. det viktigaste er uansett at de blir med dit! hugs å endra linkar i linkelistene og å fiksa rss-feedane!

translation:
the cat it out of the bag: i now blog at grayzine.no, with five other lovely people. some of them you already know, others not yet. the most important thing is that you come over there, there’s nothing to hang around here for. remember to change the url’s in your link lists and to fix the rss-feeds!

Posted in om blogg & sånt som de lurer på. | 1 Comment

the last one. part one.

dette er det siste innlegget på denne bloggen! eller, det er egentlig tull, for den nye bloggen er ikkje hundre prosent klar enda så me må venta eit par dagar til mens alt går seg til sånn at alt er klart og fint til de skal komma. me vaskar i krokane og skyv støvet under teppet. når det er klart publiserar eg eit innlegg her som seier kvar de skal reisa, og det blir det siste.

det er mange som lurer på arkivet mitt, det kjem mest sannsynlig ikkje til å ligga der når me opnar men det kjem til å komma etter kvart. eg har ein skikkelig fin person på saken, han plukkar opp kommentarar og innlegg og bilder og linkar og flyttar det forsiktig over til min nye heim. så bra at det finst sånne, for det heile er ganske komplisert og hjerna mi kortsluttar.

eg kjem til å ta kontakt med bloglovin og få dei til å flytta alle følgarane mine, så det treng de ikkje å tenka på heller. i fix! og når alt er klart og fint og strøkent kjem eg til å trenga hjelp til å spre ordet om min nye blogg, men det kjem me tilbake til seinare.

så, mens alle jobbar som små mus for å få alt til å bli klart tar eg ei skikkelig helg. forhåpentligvis er alt klart på mandag, eg håpar verkeleg det. eg har venta så himla lenge no og eg er så så så klar!

translation:
this is the last entry on this blog! or, that’s a lie – i will be posting a last entry to tell you the new adress. it’s not one hundred percent ready yet, so we’ll have to wait another day or two so it’s nice and clean for your arrival. we’re deep cleaning, sweeping dust under rugs and when it’s ready i will tell you!

many of you have asked about my archives: they probably won’t be there when we launch, but they’ll get there eventually. i have someone special on the job, he’s picking up comments and posts and links and pictures and gently placing them in my new home. i’m so happy there are people like that, because it’s all too complicated and makes my brain go haywire.

i will be getting in touch with bloglovin to move all of my followers, so you don’t have to be concerned about that. and when everything is settled, i’ll need your help to spread the word about my new blog, but we’ll get back to that.

so, while everyone is working to make everything ready, i’m taking the weekend off! hopefully it will all be ready on monday, and i really really hope so. i have waited so long for this and i’m so so so ready!

Posted in om blogg & sånt som de lurer på. | 23 Comments

drumroll.

hurra! desse to flotte bidraga vann veske og sekk:

jeg ville putta en hel haug med filmruller oppi og en bok. kameraet ville få henge over skulderen og dingle sammen med den fine veska mens jeg utforsker alle kriker og kroker av Berlin.

Jeg ville puttet lydopptakeren min, et headset, en avocado, en liten pakke knekkebrød, salt, pepper, en solrik med jorbærsmak, moleskine-boka mi og en helt vanlig kulepenn i sekken. Så skulle jeg stått og sett på meg selv i speilet en stund og vært fornøyd med at jeg endelig hadde funnet en ryggsekk som ikke er stygg. (For det er de aller fleste ryggsekker, bortsett fra denne). Etter at jeg hadde vært ferdig med å se på meg selv i speilet med sekk skulle jeg gått inn og gitt samboeren min et kjempesmask midt på truten. Så ville jeg spasert ned til radioen jeg jobber i. På veien skulle jeg svingt innom kiropraktoren min, stukket hodet inn døra og rop “Hahah! Nå går jeg endelig med sekk! Ikke noe mer gneldring om at veske ikke er bra for ryggen og skuldrene!”, og så skulle jeg gått til studioet og laget tidenes beste sending.

send meg mail på mariell.oyre@gmail.com, så får me sendt dei posten!

ps: denne var fin óg:
Hvis sekken hadde blitt med på langhelgen til roma hadde den rommet det analoge kameraet mitt, is-, pizza-, pasta-, og kaffepenger og kanskje kondomer i tilfelle jeg treffer en italiensk gutt med mørke krøller.

 


announcing the winners of the giveaway.

Posted in om blogg & sånt som de lurer på. | 9 Comments

nuts and lemon and ham.

nom.

nom.

han der fine går på skulen no, og kjem heim ganske seint. me et middag ilag uansett kor seint han kjem, og da er det superviktig at eg et bra lunsj sjølv om eg er aleine. denne åt eg forrige veke, og den var sjukt bra. derfor tenkte eg at det kunne vore kult med oppskrift.

smoothie. dekk blada i blenderen med juice. eg brukte tranebær, men eple er óg bra. to nevar bær. ein neve nøtter, eg brukte valnøtter og paranøtter og litt mandelflak. litt søtning. eg brukar agave, ein kan bruka honning eller sukker om ein vil. så er det berre å køyra den til den er klar. om den blir for tjukk er det berre å tømma oppi meir væske.

sitronyoghurt. sidan dei ikkje har sitronyoghurt her lagar eg den sjølv. éi teskjei lemon curd blandast ut i ein desiliter yoghurt naturell, helst gresk. eg åt den med eit halvt eple i tynne skiver, litt muscovadosukker og litt kanel. og mandelflak!

prosciutto-croque madame. sett på ovnen og legg ei skive brød på ei form og dekk den med riven ost, eg brukar cheddar. inn i ovnen på 175 grader til den er litt sprø. her kjem eit tips: me et ikkje så mykje brød, så me frys ned brød som allereie er skiva, også tar me ut ei og ei skive. dei tinar kjempefort, og om ein vil ha dei rista er det berre å putta dei i ovnen i eit par minutt. medan brødet er i ovnen må du steika eit egg i ei lettolja panne. eg likar mitt plomma ganske hard, men det varierar ein heilt sjølv etter smak. når osten på skiva har smelta og egget er ferdig er alt klart. legg ei eller to skiver prosciutto mellom brødet og egget, ha på salt og pepper og litt ketchup ved sidan av. prima.


j has started school now, and sometimes he comes home late. it’s important to me to eat dinner together, so most of the time i’ll just eat something in the early afternoon and then have dinner when he comes home. this is something i ate last week, somewhat extravagant. here are the recipes.

smoothie: cover the blades in your blender with juice. i use cranberry juice, but you can also use apple. to handfuls berries, i use raspberries. one handful of nuts, i used walnuts and brazil nuts. something to sweeten, i use agave but you can use honey or sugar if you like. then you blitz it and it’s done!

lemon yoghurt: since i can’t find lemon yoghurt here, i make my own. one teaspoon of lemon curd to one deciliter of greek yogurt. i ate it with a sliced apple, some cinnamon and muscovado sugar. and flaked almonds!

prosciutto-croque madame. put a slice of bread on a tray and cover it with cheese. i use cheddar. into the oven on 175 degrees until it’s crispy and the cheese is golden. (we don’t eat too much bread, so we buy the pre-sliced kind and put it in the freezer. that way we can eat one slice here and one slice there. it defrosts so quickly, and if you want it toasted you just put it in the oven for a couple of minutes) while the bread is in the oven, fry an egg in an oiled pan. when the bread is ready and the egg is ready, just put a slice or two of prosciutto between the egg and bread, and there you have it. eat with salt, pepper and some ketchup. voila.

Posted in om mat. | 9 Comments

london. coronas, cats & coats.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

etter nachos og øl fredagskveld, og ein heil masse hyling etter christine ankom london var me klare for å komma oss litt ut på laurdag. så me gjekk på vintageshopping. mitt felt. i mange timar.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

så gjekk me på ein av mine beste caféar i london, åt mat og drakk billige drinkar i happy hour og fekk corona on the house. enkelte flørta med servitørar, enkelte flørta med kvarandre. så gjekk me ut til ein klubb og der turte eg ikkje ta opp kameraet mitt anna enn for å filma nokon som klina og pacman på storskjerm.

london / paris.

morgonen etter reiste f+f, og igjen satt eg med jostein og christine som var slitne og trøtte etter harde londondagar. me åt lammekjøttbollar og gjekk i parken.

london / paris.

dagen etter prøvde me ein million kåper og drakk deilig kaffe og plutselig reiste christine heim igjen óg. blåmandag. og det var den veka med besøk.


saturday in london: vintage shopping, a whole lot of drinks and then going to a club. the morning after, f + f left and christine, jostein and i ate lamb meat balls and drank coronas and went to the park. the day after that we tried on a million coats, drank some coffee and then christine left as well. blue monday.

Posted in om london. | 14 Comments

we’re going to get married at the earliest opportunity and i don’t want to hear any arguments. that’s final. i love you.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

meet me in st.louis.

judy garland var berre 22 år då ho spelte i meet me in st.louis, men sa alltid sjølv at det var den beste filmen ho laga og eg er kanskje enig. åh gud den kvinna. filmen er frå 1944 men er satt til 1904, rundt st.louis’ world fair, og det er så himla interessant å sjå korleis dei to tidene er integrerte i kvarandre. tecnhicolorkjolar og romantikk. regissør vincente minnelli var så himla forelska i judy garland under innspelingen av denne filmen(dei fekk seinare liza! tenk om de ikkje visste at liza minnelli er judy garland si datter.), og det kan ein sjå. ansiktet hennar er så fint ramma inn når ho syng og dansar og snakkar. have yourself a merry little christmas er frå denne filmen og fekk meg til å grina ned i puta fordi det er så lenge til jul og fordi ho er så vidunderlig glitrande vakker, sjå songen her. eg kan snakka i timesvis om den, men det er betre om de berre ser den.


judy garland was only 22 years of age when she starred in meet
me in st.louis, although she always claimed that it was her best picture and i might agree. the film is from 1944 but it’s set in 1904, just before the world fair in st.louis, and it’s so interesting how they’ve braided the two eras together. technicolor dresses and romance. director vincente minnelli was so in love with judy while making this film(they later had liza! imagine not knowing that liza minnelli is judy garland’s daughter), and one can tell. her face is beautifully framed as she sings and dances and talks. have yourself a merry little christmas is from this film and it made me cry into my pillow over her beautiful voice but also that christmas is too far away, watch the song here. i can talk about it for hours, but just watch it instead.

Posted in om film & tv. | 9 Comments

paris / london / midnight city.

last week. music: m83 – midnight city.

Posted in om reise. | 46 Comments

bicycles, popcorn and late nights in bastille.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

me ankom paris på ein grå onsdag, etter to og ein halv time tog, to og ein halv time med hovudet i fanget til jostein. me møtte kentaro i bastille og gjekk på café og drakk café creme og åt thaikyllingsalat. så begynte me å gå mot fjerde, poppa innom eit galleri og vart fotograferte av eigaren, prøvde sykkelen til kentaro.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

me åt kvar vår cupcake når vintageblodsukkeret var blitt for lågt, og tok metroen heim der me åt ulike typar popcorn og drakk sterk kaffe og var oppe til seint. kentaro skal opna popcornplass, eller i alle fall vil eg at han skal det, der han lagar luksuspopcorn. det hadde slått an.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

london / paris.

dagen etter møtte me finaste finaste haleigh, som eg aldri fekk møtt då eg budde i paris i vår. me gjekk på bon marché også på ein av mine favorittkaféar med den beste beste beste kaka: pistasj og kirsebær. derek var med. så kjøpte me makronar. eg kjøpte berre éin, creme brulee. den er nok i seg sjølv. f+f gjekk til eiffeltårnet og eg og jostein gjekk heim for å kvila og jobba. paris er ikkje berre-berre med bihulebetennelse.

london / paris.

london / paris.

den kvelden gjekk me ut og lærte oss å high five’a skikkelig. me gjekk først til myntedrinkane, og når dei tok slutt gjekk me til bastille og til døgnopen servering. me møtte ein hund og sa nei til dusinvis av roser. og det var den paristuren. dagen etter tok me toget tilbake og fekk store problem med å skjønna at me faktisk eingong hadde vore i paris.


last wednesday we took the train to paris and arrived after only two and a half hours of sleep in j’s lap(for me, not everyone). we lunched in bastille, shopped in the fourth, ate cupcakes and baguettes and popcorn. i finally got to meet lovely lovely haleigh who i’ve been wanting to meet for a long time now, and we went to bon marché and then to one of my most favorite little cafés with the best cakes: mine was a pistacchio and cherry one. divine. we bought some macarons, some of us went to see the eiffel tower for the first time, some of us went home to rest their sinus infection(me!) and then we met up in the evening for green drinks until closing time, and then we walked to bastille to a 24hr place. the day after, we took the train back and were very confused by everything. had we ever really been there at all?

Posted in om paris. | 14 Comments